Snikkarverkstaden

Trevarer laga på mål for private og bedrifter

Frå blomekassar og rasteplassbord til spesialtilpassa møblar og transportkassar til industrien.

Handverk og kvalitet

Me lagar det du treng

I snikkarverkstaden kombinerer me tradisjonelt handverk med moderne løysingar. Me lagar alt frå varmepumpehus og rasteplassbord til blomekassar, postkassestativ og møblar i spesielle mål.

Treng du spisebord, hyller, skuffer eller skap? Me lagar det i den storleiken du vil ha.

  • Varmepumpehus, rasteplassbord og blomekassar
  • Møblar og innreiing i spesielle mål
  • Transportkassar, krybber og kilar til industrien
Tilsett byggjer kassar i snikkarverkstaden

For bedrifter

Små og store prosjekt

Me tek på oss både små og store oppdrag, og har god erfaring med spesialbestilte transportkassar, krybber og kilar til industrien.

Lurer du på om me kan laga det du treng? Ta kontakt, så finn me ut av det saman.

Blomekassar laga i snikkarverkstaden

Har du eit prosjekt?

Fortel oss kva du treng, så lagar me det.

Eller ring oss på 53 40 90 00