Podlen Verkstad AS, Hatlandsmyro 7, Heiane, 5412 Stord. Telefon 53 40 90 00. E-post: post@podlenverkstad.no. Organisasjonsnummer 960424646.
Generelt
Desse salsvilkåra gjeld for sal av produkt gjennom podlenverkstad.no som blir leverte til adresser i Noreg. Gjeldande regelverk for forbrukarkjøp blir følgt. Dette er mellom anna regulert i forbrukarkjøpslova, angrerettlova, marknadsføringslova, personopplysningslova, e-handelslova og forskrift om kredittavtalar.
Bestilling
Når du handlar på podlenverkstad.no og fullfører bestillinga, stadfestar me ordren automatisk med ei ordrestadfesting til e-postadressa du har registrert. Les gjennom ordrestadfestinga og sei ifrå snarast om noko ikkje stemmer. Dobbeltsjekk at leveringsadressa er rett i tilfelle du har flytta sidan førre bestilling.
Bestillinga er bindande når ho er fullført og me har sendt ordrestadfesting. Podlen Verkstad AS er samstundes bunden av bestillinga di så lenge ho ikkje avvik frå det me har tilbode i nettbutikken, i marknadsføringa eller på anna vis. Du kan likevel angra kjøpet, og me ber deg seia ifrå så fort som mogleg, så me kan sletta ordren før han blir send.
Opplysningar i nettbutikken
Me arbeider heile tida med å halda produktinformasjonen oppdatert. Me tek likevel atterhald om skrive- og trykkfeil i produktinformasjon, tekst, pris og anna informasjon. Me kan òg kansellera heile eller delar av bestillinga dersom produktet har gått ut hos leverandøren, er utselt, eller det tek lang tid før me har det på lager att. Då får du melding om dette, eventuelt med informasjon om kva me kan tilby i staden.
Prisar
Alle prisar er inkludert meirverdiavgift. Totalkostnaden kjem fram før du stadfestar bestillinga, og inkluderer utgifter knytte til kjøpet (porto, frakt, emballasje og eventuell miljøavgift). Prisane er oppgitt i norske kroner (NOK).
Rabattar og tilbod
Tilbodsprisar gjeld så langt lageret rekk, eller ut den oppgitte kampanjeperioden.
Betaling
Kjøp blir som standard betalt med Visa/Mastercard, Vipps eller faktura gjennom Nets. Varer som blir henta i butikken, kan betalast i nettbutikken eller ved henting. Det er ikkje mogleg å bestilla varer i oppkrav.
Reservasjon
Varer som blir kjøpte på podlenverkstad.no for henting i butikken vår, blir haldne av i dei to neste arbeidsdagane. Etter det blir ordren kansellert, og varene går tilbake på lager.
Levering
Ordren blir normalt send neste arbeidsdag, så sant varene du har bestilt, finst på lageret vårt. Er ikkje alle varene på lager, blir ordren send når alle varene har kome, om ikkje anna er avtalt. Blir leveringa forseinka ut over normal leveringstid, gir me deg beskjed så fort me veit det, saman med informasjon om når levering kan skje. Du er sjølv ansvarleg for at rett leveringsadresse står i profilen. Adressa kan endrast på Min konto dersom du har laga profil.
Fraktkostnader
Me har gratis frakt på ordrar over 3000 kroner med totalvekt under 15 kg. Elles blir frakta rekna ut frå vekta på ordren og kvar i landet du bur, og står i kassen. For leveransar til Svalbard kjem tillegg etter svalbardtillegget til Posten.
Pakkar som ikkje blir henta
Hentar du ikkje pakken på postkontoret, belastar me deg med inntil 250 kroner for uavhenta sending. Dette dekkjer fraktkostnadene våre tur–retur og handteringa på lageret.
Kontroll av det du har fått
Når du har fått pakken, bør du så snart som mogleg sjekka at leveransen stemmer med ordrestadfestinga, at produkta ikkje er skadde under transporten, og at dei ikkje har andre feil eller manglar. Ved feil eller manglar må du straks ta kontakt med Podlen Verkstad AS på telefon 53 40 90 00 eller e-post post@podlenverkstad.no.
Rettane dine ved feil og manglar (reklamasjon)
Har produkta manglar, kan du krevja retting, omlevering, prisavslag, erstatning eller heving av kjøpet. Mangelen må vera vesentleg før kjøpet kan hevast. Melding om manglar må sendast skriftleg til post@podlenverkstad.no innan rimeleg tid etter at du oppdaga mangelen, og seinast innan to månader. Retten til å reklamera gjeld i to år etter fakturadato, eller fem år dersom produktet er meint å vara vesentleg lenger enn to år. Reklamasjonsretten kjem i tillegg til angreretten.
Angrerett
Angrerettlova gir deg rett til å angra kjøpet. Du må gi oss melding seinast 14 dagar etter at du har fått leveransen. Har du ikkje fått angrerettskjema i ordrestadfestinga eller saman med produkta, blir fristen utvida til tre månader.
Produktet må leverast tilbake i om lag same stand som du fekk det. Vara skal vera i salbar stand, det vil seia ubrukt og i original emballasje. Broten forsegling opphevar angreretten. Alle produkt skal leverast tilbake innan rimeleg tid, og du betaler sjølv for returen.
Me pliktar å betala tilbake det du har betalt, inkludert porto for sendinga til deg og ekspedisjonsgebyr. Tilbakebetalinga skjer innan 14 dagar etter at me har fått produktet frå deg.
Vil du bruka angreretten, fyller du ut angrerettskjemaet og legg det ved pakken. Send pakken til Podlen Verkstad AS, Hatlandsmyro 7, Heiane, 5412 Stord. Send oss gjerne òg ein e-post til post@podlenverkstad.no om at du har brukt angreretten og sendt pakken. Pakken må sendast som sporbar pakke med Posten. Returpakkar kan ikkje sendast som brevpost eller anna sending som ikkje kan sporast.
Personopplysningar
Podlen Verkstad AS lagrar berre personopplysningar du gir oss som er nødvendige for å gjennomføra handelen og pliktene våre overfor deg. Brukar me e-postadressa di til andre føremål, til dømes tilbod eller nyheitsbrev, skjer det berre når du har samtykt. Du kan når som helst endra samtykket under Min konto. Har du spørsmål om personopplysningar me har lagra, eller vil du endra, sperra eller sletta dei, kan du ta kontakt på telefon 53 40 90 00 eller e-post post@podlenverkstad.no.
Salspant
Me har salspant i dei leverte produkta til kjøpesummen med renter og kostnader er betalt i sin heilskap.
Tvistar
Partane skal prøva å løysa tvistar i minnelegheit. Lukkast ikkje det, kan du bringa saka inn for Forbrukartvistutvalet. Alle tvistar skal løysast etter norsk rett. Blir saka bringa inn for domstolane, skal ho avgjerast i vernetinget ditt som kjøpar, det vil normalt seia nær der du bur.