Om oss

Om Podlen og VTA

Podlen Verkstad er arrangør av arbeidsmarknadstiltaket VTA, varig tilrettelagt arbeid.

Kven me er

Ein meiningsfull arbeidskvardag

VTA er eit arbeidstilbod til uføretrygda som ønskjer ein sosial og meiningsfull kvardag. Arbeidstakarane våre kjem frå Fitjar, Stord og Sveio, og me har òg elevar frå vidaregåande skule i arbeidstrening.

Eventuelt overskot i bedrifta går til å styrkja drifta og arbeidstakarane i VTA.

  • Vaskeritenester
  • Trevarer og gåveartiklar
  • Makulering
  • Ved og fyringsprodukt
  • Bruktbutikk
Bygget til Podlen Verkstad på Heiane

Ris eller ros

Er du nøgd, sei det vidare. Er du ikkje nøgd, sei det til oss. Me set stor pris på tilbakemeldingar, så me kan gjera produkta og rutinane våre betre.

Send oss ris eller ros

Besøk oss

Velkomen til Heiane

Du finn oss i Hatlandsmyro 7 på Heiane industriområde, like ved E39 og om lag 4 km sør for Leirvik, regionsenteret i Sunnhordland.

Opningstider Måndag–fredag 07.30–15.00 (bruktbutikken til 16.00)
Laurdag 11.00–15.00
Adresse Hatlandsmyro 7, Heiane, 5412 Stord
Bygget til Podlen Verkstad på Heiane

Vil du vita meir?

Ta kontakt, så fortel me gjerne meir om arbeidet vårt.

Eller ring oss på 53 40 90 00