Vedavdelinga
Tørr og kortreist ved frå Stord
Bjørk og furu i 40-liters sekker, klar til bruk. Me køyrer heim til deg, eller du hentar sjølv på Heiane.
Produsert på Heiane
Ved av lokalt råstoff
Me har over 35 års erfaring med vedproduksjon. Veden er tørka til under 20 prosent fukt, kjem frå lokalt råstoff og er produsert etter norsk standard for ved.
Produksjonen skjer i eigne lokale på Heiane, der opptil 10 arbeidstakarar er med.
- Tørka bjørk og furu i 40-liters sekker
- Fukt under 20 prosent
- Tennved og tennstavar òg

Levering eller henting
Me køyrer gjerne veden heim til deg, og tilbyr rimeleg heimtransport. Levering skjer fortløpande og seinast innan ei veke.
Me ber veden opp på tilvist plass, så sant det er lett tilkomst og ikkje meir enn 20 meter. Om vinteren må leveringsstaden vera måka og strødd. Viss leveringsstaden ikkje møter krava, blir det fakturert 10 kroner ekstra per sekk.
Hent sjølv
Du kan henta veden sjølv på Heiane i opningstida. Ver venleg å vende deg i bruktbutikken.
Bestill ved i dag
Kjøp veden i nettbutikken, eller ring oss for heimlevering.